Om huset

Om huset og drifta

Ørskog samfunnshus stod ferdig i 1988, som eit resultat av dyktig organisering og stor dugnadsinnsats.

Huset blei finansiert av private og bedrifter i kommunen, saman med lag og organisasjonar, som eit andelslag. Største andelseigar er Ørskog ungdomslag, som gikk inn med midlane frå den tragiske brannen som la bygda sitt tidlegare forsamlingshus i ruiner. Utan offentleg tilskott, stor og velvillig medverknad frå Ørskog sparebank og velvilje frå Ørskog kommune hadde det imidlertid ikkje blitt noko hus.

Også drifta har vore basert på stor andel dugnad. Huset er "samfunnet sin eigedom", og mange har gjennom år ytt stor innsats for å drive og vedlikehalde huset. Om nokon skal trekkast spesielt fram, må det bli "venneforreninga" til huset, kalla "Snurp", som i alle år har vore ein "Klubb" som har organisert basarar og messer, samla inn midlar osb. og tilført huset vesentlege midlar. Mellom anna var det "Snurp" som stod for finansieringa av nytt kjøkken i 2005.

Fortsatt blir mykje av drifta basert på frivillig innsats, og både utleige, vask, mindre vedlikehald, sceneteknikk, kino og anna blir utfØrt av personar som er glade i huset og kulturlivet, og står på utan å skrive timar "med gaffel."...

Formålet til huset er å vere eit hus for lokalsamfunnet. Formålet er ikkje profitt, men ein må likevel få inn nok kroner til fornuftig vedlikehald og drift, samt kunne gjere påkostingar når det trengs. Dette kan vere ein balansegang mellom leigeprisar, utleigebelegg og kostnader. Vi vil at huset blir brukt, og at det forblir ein institusjon i samfunnet vårt, som det har vore sidan 1988.